Helse Førde - stafetten 2023 er torsdag 01. juni. 

Lenger nede på sida finn du tidsskjema, informasjon om korleis ein kan delta i Helse Førde - stafetten og korleis melde på til dei ulike aktivitetane. 


Tidsskjema: 

1000 -1400 - 5. klasse på dagtid

1600 -1830 - Mosjonsklasse 

1715-1730 -  Klar til stafett v/Beate Kårstad Støfring

1730 - Opning av stafetten v/ Adm.dir. Arve Varden

1730 -1930 - Rakettløype for barn

1730 - 2030 - Servering av grillmat

1735 - Start kort barneløype

1750 - Start singelløp

1815 -1830 - Oppvarming med Beate Kårstad Støfring

1830 - Start lang barneløype

1900 - Hovudstafett

1940-2030 - Program og premieutdeling ved scena


Påmelding stafett og singelløp                          

Nokre øvingar melder ein seg på ved oppmøte. Sjå informasjon under om dei ulike måtane å delta på i stafetten;

Slik kan du vere med på Helse Førde-stafetten:

5. klasse på dagtid

Invitasjon blir sendt til skulane i Sunnfjord, påmelding klassevis i førekant. Dersom spørsmål om påmelding; tlf. nr. 57839735

Kort barneløype (ca. 600 m): Løypa går i sjukehusparken. Alle mellom 0 og 6 år kan delta. Barnevogner kan klare denne løypa. Denne løypa er utan tidtaking.
Påmelding: Møt opp ved startseglet innan kl 17:25  Starten er kl. 17:35
Påmeldingsavgift: Gratis
Premiering: Medaljar til alle som deltek.

Lang barneløype (ca. 1,3 km):
L
øypa går på sjukehusområdet. Alle mellom 7 og 12 år kan delta.
Påmelding gjennom Eqtiming  Frist for påmelding 01.06 kl 17.30
Påmeldingsavgift: Gratis. Start lang barneløype kl 18.30
Hent startnummer  ved inngangen til sjukehuset innan kl 18:00
Premiering: Medaljar.

Rakettløype for barn:

Løypa går på sjukehusområdet. Alle barn kan delta.  Påmelding - oppmøte ved løypa. Gratis deltaking

Mosjonsklasse:

Løypa er lik hovudstafettløypa og vert gjennomført utan tidtaking i tidsrommet 16.00 og 18.30
Ein kan gå, springe eller sykle aleine eller fleire i lag
Påmelding: Ved hovudinngangen - FSS
Påmeldingsavgift: Kr 50,-
Premiering: T - skjorte til dei som vil ha  

Singelløp (ca 6 km):
Spring heile stafettløypa sjølv. Du må vere over 12 år for å delta på singelløpet. Sjå løypekart for hovudstafetten

Frist for påmelding 30.05.23 kl 23.00. Rakk du ikkje å melde deg på? 

Send ein epost til: halvard.brekke@helse-forde.no eller tlf 99556990 så ordnar vi påmeldinga 

Påmeldingsavgift: Kr 100,- 

Start singelløp kl 17.50

Alle deltakarar får T - skjorte og grillmat 

Hent startnummer og T - skjorte ved inngangen til sjukehuset før kl 17.30 

Hovudstafetten (ca 6 km):

Stafetten har seks etappar. Sjå løypekart. 

Laga kan melde seg på i bedrifts- eller idrettsklassen; 
1. Bedriftsklassen  - Dette er klassen for lag som ynskjer å gjennomføre løypa ved å gå, jogge eller springe lett gjennom løypa.

2. Idrettsklassen - Dette er klassen for lag som ynskjer å springe fort gjennom stafettløypa

Frist for påmelding er 30.05 kl. 23.00
Påmeldingsavgift: Kr 600,-  

Stafetten startar kl 19.00. Hugs at laget før det må vere på plass på dei ulike vekslingspunkta i god tid før løpet startar.

Alle deltakarar får T - skjorte og grillmat. 

Startnummer og T - skjorte kan hentast ved inngangen til sjukehuset 01 juni kl 12 - 13 eller kl 16 -18

Reglar for stafettlaga:
Det må vere minst to kvinner/jenter på laget - men deltakarane treng nødvendigvis ikkje tilhøyre same klasse/skule-, arbeidsplass, familie osv. Nedre aldersgrense er 12 år for å delta i hovudstafetten. Det er tillate med lag som har berre kvinner/jenter (men ikkje berre menn) Dersom laget står i fare for ikkje å ha nok deltakarar, så kan løparar ta fleire etappar, eller supplere med løparar frå andre lag. Stafettreglane blir handheva mildt for bedriftsklassen og strengt for idrettsklassen.

Premiering hovudstafett: 

Hemmeleg idealtid - Det laget som er nærmast den hemmelige idealtida. 

Mest kreative lag - Det laget som gjer litt utav seg i stafetten (kle seg ut, kreativt navn på laget, andre kreative påfunn)

Raskaste lag - bedriftsklasse

Raskaste lag - idrettsklasse + 2. og 3. plass

Uttrekkspremiar

Meld på laget